Hopp til produktinformasjon
1 av 1

FriFlyt

Toppturar i Sunnmørsalpene

Vanlig pris 449,00 NOK
Vanlig pris 449,00 NOK Salgspris 449,00 NOK
Salg Utsolgt
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.
Ny skiførar til fjella kring Hjørundfjorden, Austefjorden og Storfjorden. Det spesielle med Sunnmøre er det store mangfaldet - breidda - spennvidda av ulike typar naturopplevingar ein kan få innanfor korte reiseavstandar. Frå dei sunnmørske fjelltoppane ser ein utover eit fantastisk alpelandskap og rett ned i djupe fjordar, og ute ved kystlinja kan ein sjå kveldssola gå ned i Atlanterhavet. I Sunnmørsalpane sin fasinerande natur finn ein sitt eige, høgst personlege eventyr, utan å måtte stå i kø eller betale mykje pengar for opplevingar i naturen. Hovudtanken med denne boka er å vise det store mangfaldet av opplevingar ein kan få som skiløpar i regionen. For at du skal få lettare tilgang til alt dette, gir vi deg her grundige ruteskildringar og ruteskisser frå det vi meiner er dei 80 beste toppturane i Sunnmørsalpane innanfor ulike kategoriar: korte og lette, lange og krevjande og bratte og ekstreme. Drøym deg vekk med boka ein regnvêrsdag - og realiser draumane dine ein skredtrygg solskinsdag!