Hopp til produktinformasjon
1 av 1

uteguiden

Arven frå Molaupsulykka

Vanlig pris 399,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 399,00 NOK
Salg Utsolgt
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.
Eli Anne Tvergrov er kommunikasjonsrådgivar frå NTNU, kommune og politiet. Ho har inngåande kunnskap om kommunikasjonshandtering i kriser - som eit snøskred kan vere.
Tvergrov kan den lokale historia til fjella på Sunnmøre, er ein mykje brukt formidlar og bur nede på start til nokre av dei mest spektakulære toppturane i Hjørundfjorden. Ho har eit stort kontaktnett i handteringa av skredhendingar nasjonalt og i den frivillige skredberedskapen lokalt.
I Molaupsulykka i november 1971 mista sju menn livet etter snøskred, og blant desse var onkelen og bestefaren hennar. Tvergrov har erfart nedsida til ein moderne topptur, etter at alvorlege skredhendingar har ramma venneflokken.
Snøskredet i Molaupsgjølet er ei av dei største naturkatastrofene som har råka Nord-Vestlandet. Framstillinga her er for deg som kjenner, eller er interessert i skred, redning og beredskap.

• Inntektene er øyremerka til vidareutvikling av den frivillige skredberedskap på Sunnmøre.
• Boka blir selt i samarbeid med Møre og Romsdal Røde kors